FØRDEHUSET (Førde - Volda 18-32): Kaptein Kine Kvalsund held fram med sitt gode vingspel, og vart toppscorar med ni mål, men kan hende var ettermiddagens gladaste debutant Ingvild Græsdal frå Stranda, som krona sin fyrste kamp i Volda-drakta med scoring. Høgrekanten sette inn 30-18-målet tre minutt før full tid.

- Ho har framtida framføre seg, det er klart det. Eg er stor fan og det er ein veldig spennande spelar i likheit med alle dei 14 spelarane på rekruttlaget vårt. Vi prøver å gi dei litt sjansen slik at dei skal få smaken på det. Det synest eg at ho har gjort og på treningane har ho vore veldig flink. Ho må jobbe for å bli god, men har mogelegheiten, seier Halldór Stefán Haraldsson om debutanten.

Råsterk andreomgang

Til slutt vann Volda med komfortable 32-18 i Førdehuset, og er med det a poeng med Aker og forsvarer tredjeplassen i førstedivisjon.

- Det vart siger mot eit veldig godt lag. Eg synest Førde spelte veldig bra i 35-40 minutt og så kjem ei periode der vi klarer å kontre litt og klarer å rykke frå med tre-fire mål. Då føler eg at Førde mister litt trua på prosjektet sitt og derifrå var det eigentleg berre einvegskøyring, seier Halldór Stefán Haraldsson rett etter kampslutt.

Med månge Volda-supportarar på tribuna, vart Volda eit par nummer for store for eit Førde-lag som åpna hardt og pressa Volda frå starten av.

Knallsterk breidde

Kampen vart prega av stor rotasjon i Volda-troppen, og mot slutten var det berre eitt lag på bana. 

- Det er så kjekt å sjå at dei spelarane som vanlegvis speler størstedelen av kampane - dei sit på benken og vil gjerne fullføre kampen, medan det er sju spelarar inne på bana som spelar utruleg bra. Det viser berre breidda i laget og den konkurransen som er inne i laget no, det ser utruleg bra ut, eigentleg, og gir oss ein ekstra styrke.

Sjekk tabellen her

Her er full kampfakta