Å få kantspelet til å sitje, har vore ein suksessfaktor for Volda den siste tida. Og sentral dei siste kampane har vore kaptein Kine Kvalsund. Både mot Charlottenlund (borte) og Førde (borte) har ho vore lagets toppscorar med seks og ni mål.
 
Kaptein Kine meiner publikum vil få sjå to sterke lag som barkar saman i Voldahallen på søndag, og trur disiplin og tempo blir viktige stikkord for å ta to nye poeng mot Lørenskog-laget Fjellhammer. I ein kamp som kan verte ganske avgjerande i kampen om kvalik-plass til eliteserien.
 
– Det blir viktig at vi er godt førebudd, og at vi held oss til kampplanen. Vi må stå svært godt i forsvar. Samtidig har vi mykje fart og tempo i laget, så dette må vi bruke, seier kaptein Kine Kvalsund.

Tar med seg sjølvtillit

– Kva med din eigen utvikling på bana, etter to gode kampar den siste tida?

– Vi har jobba mykje med å brette ut spelet mot kantane den siste tida, så det er vel det ein ser eit resultat av i kampane. Elles så handlar det vel om å spele på seg sjølvtillit på bana, så må vi jobbe godt vidare for at det skal vare, seier ho.

Å ha eit entusiastisk heimepublikum i ryggen, blir sentralt i så tette og jamne kampar som dette. Både Kine og lagkameratane vil svært gjerne ha ein så full hall som mogleg på søndag.
 

Ventar tøff batalje

Når vi ber trenar Halldór Stefán Haraldsson om ei kjapp analyse av søndagens motstandar, drar han fram dette:
 
– Fjellhammer er eit veldig bra lag med stor fart i spelet. Dei er veldig sterke i duellsituasjonar i angrep og har to spelarar i kvar posisjon. Dei har to sterke målvakter og speler eit offensivt 6-0-forsvar. Dei har også ein av dei beste spelarane i 1.divisjon i Katarina Ugland. Ho må vi stoppe, seier han. 

– Det vi må gjere i kampen er at vi må stå godt i forsvar. Vi må avslutte angrepa våre på ein god måte slik at Fjellhammer ikkje får alt for mange moglegheiter til å kontre mot oss. Vi må gi alt i returløpa. Fjellhammer er det klart sterkaste laget i midtsjiktet av tabellen og vi måtte kjempe hardt for to poeng sist. Eg forventar ein jamn kamp der publikum kjem til å spele ei viktig rolle. Med støtte i ryggen er alt mogleg!

Fjellhammer kjem til Volda etter ein målrik og tett heimekamp mot Gneist i Lørenskog, som enda heile 36-34. Fjellhammer ligg med det på femteplass på tabellen, og gjekk forbi Flint fordi Tønsberg-laget tapte mot Charlottenlund.
 
Sjekk tabellen her
 
NB! Volda - Fjellhammer går kl 16.00 i Voldahallen søndag. Billettar kjøper du her allereie no!