VOLDA - FJELLHAMMER 27-24 (9-13): Det var nervar i høgspenn både på tribuna og bana då Fjellhammer lukkast med det meste i første del av førsteomgang. På det meste leia Lørenskog-laget med sju mål over Volda. Likevel drog heimelaget i land ein ny, sterk siger i førstedivisjon etter ein imponerande snuoperasjon i andre omgang. Ikkje verdas mest velspelte kamp, men spekka med intensitet, drama og innsats.

Og igjen: Dei som sto tilbake og kunne juble til slutt, var Volda.

Sjå bilete frå kampen i bildeserien over!

Tok tak i pausa

Blant dei som sto fram då det gjaldt som mest, var Maria Ulla. Med fem mål og nokre av dei på avgjerande tidspunkt, klarte Volda å rykke frå mot slutten av kampen.

– Det var kjekt, men spennande. Vi hadde bestemt oss i pausa for at vi skulle snu det og vinne, og det gjorde vi, seier ei glad Maria etter kampslutt.

– Kva var det som gjorde at de klarte å snu det?

– Vi bestemte oss for å stå betre i forsvar og passe litt på ho som scora så mykje i starten av kampen. Dessutan skulle vi halde oss til vår plan, vi datt litt ut av den i første omgang og gjorde ting som vi ikkje brukar å gjere. Dette var ein litt viktig kamp og vinne, for å sjå om vi er så gode som vi ser ut til å vere, seier Maria.

Marte banas beste

Fjellhammer spelte med stor aggressivitet og tok føre seg på bana med aggressivt og kontringssterkt spel. Blant dei som fekk kjenne på det, var Marte Nornes, som både fekk og gav frå seg i fleire tøffe tak. Marte vart kåra til banas beste, føre ein nesten fullsett Voldahall.

Trenar Halldór Stefán Haraldsson forklarar førsteomgangen slik:

– Det er litt Fjellhammer og litt Volda si skuld at det blir slik. Vi satsar litt dårleg i duellar ein mot ein, og dei overraskar oss litt når dei kjem med sitt offensive forsvar. Forsvarsspelet vårt er dårleg, og vi har litt dårleg forflytting av beina. Så det er berre det som skjer, seier han.

Grep frå benken

– Som eg har sagt til andre: Det er lov å ha ein dårleg dag. Men i staden for å vere sint så må ein finne ei løysing på korleis ein kan vinne på ein dårleg dag, og det synst eg at vi gjorde.

– Eg kasta inn ganske mange naudløysingar i denne kampen, og det er ikkje ofte eg skryt av meg sjølv, men i dag lukkast vi godt med det vi gjorde. Spelarane svarar også godt på det, kjem inn og har verkeleg trua på det dei gjer i andre omgang.

– Trenden startar å snu i midten av første omgang, at dei leiar med fire mål i pausa… fire mål er ingenting i handball. Eg tenkte at dette tar litt tid, men i andre omgang handla det om å finne fleire løysingar. Det gjorde vi, seier Halldór.

Vekslinga med å spele sju mot seks og seks mot seks forvirra Fjellhammer etter pausa, og sakte, men sikkert, åt Volda seg innpå og drog ifrå mot slutten av kampen til ein komfortabel siger til slutt. 

Dette var Volda sin tiande siger i årets førstedivisjon, og laget har per i dag eit fast grep om kvalik-plassen, og pustar Aker i nakken når det gjeld kamp om direkte opprykk. Både Volda og Aker Topphåndball har 21 poeng, men Aker har ein kamp mindre spelt.

Sjå video: Her er sluttminutta og intervju med Halldor

Kampfakta:

VOLDA - FJELLHAMMER 27-24 (9-13)

VOLDA:
Hilde Søyseth 2, Auria Ann Ose 1, Kine Kvalsund 3, Fride H. Stølen 2, Ingrid J. Rye, Marte L. Nornes 7, Hanna Ræstad, Pernille H. Ingebrigtsen, Ida Karlsen, Elin U. Sætre, Lone Vik 3, Maria Ulla 5, Thea I. Sturludottir og Aleksandra Zimny 4.

Toppscorar Fj.hammer:
K. Ugland og M. Syverud 5 mål

Utvisingar:
Volda: 2x2 min
Fjellhammer: 5x2 min

Sjekk oppdatert tabell her