Etter den overbevisande sigeren mot Hønefoss, der jentene utklassa tabellnaboen med helie 20 mål, får laget god omtale også i heimlandet til Halldór Stefán Haraldsson og Thea Sturladottir.

Den islandske sportsnettavisa Sport.is skriv at sjølv om det var venta at kampen mot Hønefoss skulle bli jamn, så tok Volda raskt over kampen. Dei er naturleg nok opptekne av den islandske trenaren si rolle, og peikar også på at Thea Imani Sturludottir var markant for Volda, med sine sju mål.

Thea spelte i islandske Fylki sist sesong. Nettstaden skriv at Thea har spelt veldig bra for Volda i vinter, har scora 61 mål på elleve kampar og har eit scoringssnitt på 5,5, noko som plasserar henne på tiandeplass i ligaen.

Dei skriv og om den spennande og avgjerande helga i Oslo, mot Aker 2 og Norsdtrand, som truleg vert heilt avgjerande i opprykkskampen.