Posisjonsskulen går av stabelen måndag 25. februar til og med onsdag 27. februar, og er ope for alle spelarar mellom 13 og 17 år (fødd i 2005 til 2001).
Treningane går føre seg mellom klokka 09.00 og 15.00.
Hovudfokuset under handballskulen til Volda Handball blir:
- Individuell trening, teknisk trening - samspel mellom to posisjonar
- Spelarar på damelaget er trenarar på skulen
- Hilde Søyseth: Keepertrenar kjem innom treningane og hjelper målvaktene
- Teori med spelarar frå damelaget: kva krevst for å bli toppidrettsutøvar og vegen til toppen?
- Styrketrening med Kine Kvalsund og tips om effektiv styrketrening
- Lunsj (brødskive, yoghurt, frukt) - sponsa av Kiwi
Posisjonsskulen er open for spelarar frå alle klubbar, og vi har kapasitet til å ta imot maks 30 spelarar.
Påmelding til: halldorstefan@gmail.com
Hugs å oppgi:
Namn:
Posisjon:
Alder:
Klubb:
Pris: 1000 kr
Hugs å ta med ball, flaske og niste mellom øktene!