Laurdag møter vi Flint Tønsberg i Voldahallen. Flint har vore litt opp og ned denne sesongen. Dei slo mellom anna Fjellhammer med 27-17 på heimebane, men dei har også tapt mot dei laga som ligg på botnen av tabellen. No sist tapte dei med 29-25 mot Førde.

– Flint har vore plaga av skadar i det siste, men det ser no ut til at dei har spelarar som er på veg tilbake og mest sannsynleg blir klare mot oss, seier Halldór Stefán Haraldsson til voldahandball.no

Vi hugsar godt bortekampen mot Flint som vi vann med minste margin 21-20 i ein thriller av ein kamp. 

– Vi var veldig heldige med å ta to poeng frå Tønsberg, så vi veit at kampen på laurdag blir ekstremt tøff.

Les også: Tren med elitespelarane i vinterferien

Eliteserie-erfaring

Flint Tønsberg har nokre gode, unge spelarar med eliteserieerfaring, som Elise Johnsen (61 mål) og Henriette Jarneid (51 mål).

Men dei har også eldre og rutinerte spelarar som Marianne Iversen, som har spelt med Larvik og Glassverket i Champions League.

– På benken er trenaren og legenda Tonje Larsen, som har spelt 264 kamper for Noreg og vunne tre EM-gull, eitt OL-gull, eitt VM-gull Iitillegg til 14 seriemesterskap og siger i Champions League med Larvik, seier Halldór.

Berre ho er god nok grunn til å møte opp i Voldahallen på laurdag.

Godt førebudd: Trenar Halldór Stefán Haraldsson.

Grunnlagt på sterkt forsvar

– Tonje har skapt eit veldig spennande lag, som byggjer mest på eit ekstremt sterkt 6-0-forsvar, og dei er blant topp fire i forsvarsstatistikken. Dei har eit godt samarbeid med keeper og sterke spelarar i midtforsvaret, meiner Haraldsson (biletet).

Angrepsspelet har vore ei større hovudpine for Flint i år.

Om sitt eige lag har Volda-trenaren følgjande å sei:

– Vi har trena godt etter kampen mot Fjellhammer, alle er friske og i form og vi legg opp kampen i helga som vanleg. Vi må stå godt i forsvar og kople saman forsvarsspelet med keeperspelet. Det er viktig at vi passar på at Flint ikkje scorar altfor mange mål, då treng vi å score mindre i angrep mot det sterke forsvaret deira.

Må starte betre

– Vi må også bruke farten vår i kampen og det vi har diskutert i laget er å starte kampen på ein betre måte enn vi gjorde i kampen mot Fjellhammer.

– Vi forventer en veldig tøff kamp mot Flint, men har som vanleg trua på at vi vinn på heimebane med ein stappfull hall!

Sikre deg plass: Her kjøper du billett allereie no