Sola har 7-8 spelarar som godt kunne ha spelt på eit veldig godt lag i eliteserien. Camilla Herrem, Line Eilertsen, Malin Holta og fleire andre er alle spelarar som handball-entusiastar vil kjenne godt.
 
Søndag kl 15.00 møtast Sola og Volda i Åsenhallen utanfor Stavanger.
 
– Vi forventar at kampen blir veldig tøff for oss. Sola har ikkje tapt ein kamp i år og dei har vore det klart beste laget i årets førstedivisjon, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson før avreise til Rogaland.
 

Alt er mogleg

– Vi veit at arbeidsoppgåvene er tøffe på søndag, men vi veit også at dersom vi spelar vår aller beste kamp så har vi alltid moglegheit. To poeng mot Sola hadde gjort ganske mykje for oss i konkurransen mot Follo, påpeiker han.

For å kunne tukte Sola, må voldadamene prestere heilt på topp av det dei kan.
 
– Vi har lagt ein plan som vi håpår kjem til å fungere på søndag, og så håpar vi at heile laget blir godt innstilt og spelar årets beste kamp på søndag.
 

Kan spele jamnt

Gevinsten ved å faktisk klare poeng mot serieleiaren, kan verte gull å ha med seg i toppstriden. Her ligg med andre ord noko veldig bra i potten.

– Vi har tru på at vi kan ligge jamnt med Sola i 60 minutt, seier Haraldsson.

Alle spillerane til Volda er skadefrie og gler seg til å møte Sola i Stavanger.