– Etter eit surt tap mot Follo så har vi veldig lyst til å kome oss på vinnarsporet igjen. Vi møter Gneist i neste kamp som kjemper om å overleve i 1.divisjon, seier Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson til voldahandball.no.
 
Førde ligg per i dag på plassen som gir sikker plass i neste års 1.divisjon, på niendeplassen. Fire poeng bak ligg bergenslaget Gneist (11. plass). 

Tøff motstandar 

– Gneist treng verkelig dei to poenga på onsdag, men det gjer vi også i krigen om tredjeplassen. Gneist har sju poeng og har tatt fire av desse i dei siste tre kampane, seier Halldór.

Motstandarane har med andre ord alt å kjempe for mot Volda.

– Gneist har tre veldig flotte distanseskyttarar, Emma Haugstvedt og Eva Erdal Moen, som vi kjenner godt etter dei tre oppgjera som vi har hatt mot Gneist det siste året. Men dei har også forsterka seg med Aurora Hatle, som er ein veldig god bakspelar og spennande talent. 

Forsvaret svikta på Austlandet

– For oss så gjeld det å setje saman forsvarsspelet igjen. 5-1-forsvaret vårt svikta mot Follo, men i staden så fekk vi prøve 6-0 og det fungerte fint mot Follo. Så har har vi ein variant til som vi kan bruke i kampane framover. Men 5-1 er varemerket vårt, så vi har stor tru på at vi kan få det til å fungere igjen. Angrepsspelet er på rett veg. Mot Follo såg vi veldig mange fine angrep så vi må jobbe vidare med det. 

– Det viktigaste inn mot onsdagen er at eg veit at jentene og vi som et lag har lyst til å kome attende og vise publikum at vi ikkje er ferdig i årets 1.divisjon. Vi skal kjempe om den tredjeplassen til siste dag, lovar Halldór.

Kampen går i Voldahallen onsdag 6. mars klokka 18.00!