VOLDA-GNEIST (26-31): Etter eit tap for Volda mot Follo HK Damer førre søndag møtte Volda-damene Gneist i Voldahallen onsdagskvelden. Damene frå Bergen tok sigeren og to poeng under kveldens kamp.

Bergenslaget låg 18 poeng bak dagens heimelag, og på 11.plass i posisjon til nedrykk, og Halldór visste at det ikkje blei nokon lett kamp å kjempe.

– Så lenge dei har moglegheit så krigar dei.

Nervepirrande oppgjer

Volda-damene opna showet og det var nervepirrande for publikum frå første sekund. Det vart bom på dei første angrepa, og første scoring gjekk til bortelaget. Pernille Holsvik Ingebrigtsen kom like etter og utlikna til 1-1. Like raskt drog Gneist ifrå å sikra leiinga. Toppscorar i divisjonen, Emma Johannesen Haugstvedt frå Gneist, rakk å setje stillinga til 3-6 før trenar Halldór tok damene av bana for ein alvorsprat rett etter det sjuande minuttet i første halvdel av kampen.

Då dei kom tilbake på bana vart det bom på Volda sitt angrep, og Gneist sin spelar Eva Erdal Moen satt stillinga til 3-7. Med gode skot frå Gneist og eit svakt Volda-forsvar vart det vanskeleg for damene å henge med, likevel klarte dei å presse stillinga opp til 7-8. Gneist fekk kjenne på nervane og tok timeout. Scoringane gjekk jamt i begge mål etterpå, før Gneist igjen drog i frå og stillinga vart 13-17.

Det stoppa opp

Rett før pause vart damene på heimebane varme i trøya og fekk inn fire på rappen av Kine Kvalsund, Pernille Holsvik Ingebrigtsen, Marte Nornes og Thea Imani Sturludottir. Gneist fekk inn eit mål til før pause gjennom straffe av spelar 88 på Gneist - Maren Gabrielsen. Dermed stod stillinga 17-18 til pause.

Det såg ei stund ut til at Volda skulle ta tilbake styringa etter at laga kom tilbake frå garderobane. Pernille Holsvik Ingebrigtsen og Alexandra Zimney sikra raskt ei lita leiing for Volda med 19-18. Kampen fekk igjen ein god flyt før det stoppa opp for Volda. Gneist banka inn til 22-25 før timeout etter knappe 13 minutt i andre omgang.

Håpet er ikkje ute

Volda hang etter, og med 24 minutt igjen på klokka var det sju mål å ta igjen visst dei skulle ha sjansen på to poeng. Etter at målnetta var urørte i nesten fire minutt klarte Volda å få inn eit siste mål i det tjueåttande minutt av Ingrid Jamtli Rye.

Volda mista dermed to viktige poeng, men med fire kampar igjen i sesongen trur ikkje Halldór at alt håp er ute:

– Statistisk sett er det mogleg å ta tilbake kvalikplassen, men det blir tøft.