Aker har berre tapt tre poeng i år og har allereie rykka opp i Eliteserien. Slik vurderer Volda-trenaren Aker som motstandar:

– Aker er eit veldig temposterkt lag som har veldig gode spelarar i alle posisjonar. Spesielt Marielle Martinsen som spelar venstre bak har vore ein av dei beste spelarane i førstedivisjon, meiner Halldór Stefán Haraldsson.

– Aker er også eit veldig sterkt forsvarslag og er saman med Sola på toppen av forsvarstabellen. Vi veit at det blir ei veldig spennande oppgåve å prøve og slå Aker på søndag, men vi har også lyst til å vise at vi kan spele mykje, mykje betre enn vi spelte sist i Voldahallen.

Dette er den nest siste heimekampen i år og en toppkamp i 1.divisjon. Difor håpar Halldór og spelarane på stinn brakke i Voldahallen.

– Eg personleg synest jentene fortener at hallen blir full på søndag, og eg håpar publikum stiller opp og heiar på oss!

NB! Kampen startar søndag klokka 16.00 i Voldahallen.