Selskapet er eit forskningsbasert selskap som dei siste 15 åra har forska fram Viiral. 

– Produktet kan redusere virusplagar på reise og i periodar av året med mykje smitte. Det har også vist lovande resultat for personer plaga med pollen, seier marknadsdirektør Bent Andreassen i Viiral.

Den aktive substansen i preparatet finst naturleg i morsmjølk, så produktet er 100 prosent naturleg. Viiral har internasjonalt antidoping-sertifikat.

No blir spelarane i Volda ambassadørar for Viiral ut sesongen, og trenar Halldór Stefán Haraldsson håpar Viiral kan hjelpe spelarane til å halde seg friske: 

– I eit såpass tett miljø, er sjukdomsførebygging svært viktig. Vi har ofte kampar og kvart poeng tel. Sjukdom på trening og i kampar kan difor vere avgjerande på tabellen, seier han.

PS! Også fotballklubben FC København har ein liknande avtale med Viiral.