Supportarane vurderer kampen som David mot Goliat, og Stabæk var i leiinga kun ein kort periode, ved 4-3, ti minutt ut i første omgang. Elles hadde damene våre full kontroll. Dei leia komfortabelt 10-15 til pause.  Vår eminente målvakt, Hilde Søyseth, og eit godt forsvar, gjorde det svært vanskeleg for Stabæk utover i kampen. 

Andre omgang starta også med måltørke for Stabæk og godt spel av Volda, og Froskeberget vurderer andreomgongen som Voldas kanskje beste omgang heile sesongen. Ida Karlsen kom inn og fortsette det gode målvaktarbeidet, i tillegg til å skåre tre mål. Ein solid siger til Volda, og eit sluttresultat på 19 mot 31, er det berre å takke og bukke for.  

Ingrid Jamtli Rye vart kåra til Volda sin beste spelar, og vart også Volda sin toppskårar med fire mål. 

Follo vann også sin kamp på søndag, og dermed er det klart at Volda tek 4. plassen på tabellen i 1. divisjon. Det er ein fantastisk prestasjon! Vi gratulerer Halldór og damene med det, og stiller sjølvsagt opp i hallen på sesongens siste kamp, som er heimekamp mot Charlottenlund Sk. i Voldahallen onsdag 10. april klokka 18.00. 

 

Vi sjåast i hallen!