Halldór har uttalt seg til Volda Handball at Charlottenlund er et veldig bra angrepslag som har skåra veldig mange mål i sesongen 2018-2019. Dei er eit av laga som skårar flest mål i årets 1. divisjon.

Sesongen for Charlottenlund har vore litt opp og ned. Dei har tatt nokre sterke sigrar, men også tapt mot lag som ligg under dei på tabellen. Dei ligg på 8.plass i serien no, men med siger mot oss på onsdag, kan dei avslutte sesongen på 6. plass og i øvre halvdelen av serien. Dei har mykje å kjempe for i denne kampen. 

 
Charlottenlund har spelarar som Vera Bekken med 162 mål i 18. kampar (9 mål per kamp i snitt). Vera spelte med Byåsen i fjor i Eliteserien, og er ein av dei beste spelarane i serien. Dei har også fleire flotte spelarar, som Andrea Holm Aune med 100 mål og Julie Nygård, 116 mål. Dette er spelarar som Charlottenlund kan stole på at leverer i kampane.  
 
Voldatrenaren seier at Volda i det siste har hatt fokus på å ta steget over 30 poeng i serien. "Vi har 29 poeng i dag, og har lyst til å bryte 30-poengsbarrieren i årets 1.divisjon."
 
Han røper litt av fokuset på treningane opp mot sesongavslutninga. Det har vore mykje trening på 1 mot 1- , 2 mot 2- og 3 mot 3-situasjonar i angrep og forsvar, og å utvikle damelaget vidare både i forsvar og angrep. Dette er ein evigvarande prosess som ikkje har noko sluttfase. Det er viktig at vi blir bedre i desse situasjonane, seier Halldór. 
 
Dei siste tre åra har Volda og Charlottenlund møtt kvarandre tre gonger. Begge var i andredivisjon i 2016/2017, men då var det Charlottenlund som tok steget til 1. divisjon, eitt år før Volda. 
 
Laga møttest sist 6. januar i år i Trondheim, og då tok Volda begge poenga med siger 33-37.
 
Halldór forventar ein spennande kamp med mange mål og flott kontringshandball, så det er ingen grunn til å ikkje møte opp i Voldahallen på onsdag. "Publikum har vore utruleg viktig for oss denne sesongen, og eg tenkjer at bygda kan vere stolt av dei flotte handballjentene som vi har i 1. divisjon." seier Halldór og håper at folk tek turen til hallen og kosar seg på kampen 10. april. Voldingane må ikkje ta det for gitt at vi har eit lag i toppen av 1.divisjon. Vi er den minste bygda i dei øverste to divisjonane på damesida, for å sette ting litt i perspektiv, avsluttar han.