Spenninga var til å ta å føle på gjennom heile kampen. Den største skilnaden i mål var tremålsleiing i det 22. minutt då Thea Imami Sturludottir skåra det niande målet for Volda, mot Charlottenlund sine seks. Thea vart også kåra til Voldas beste spelar i kampen, og det var vel fortent, med 8 mål. Tidvis briljerte ho på banen.   

   

Foto: Ove Krumsvik

Elles i kampen veksla det mellom uavgjort, eittmålsleiing og tomålsleiing for begge lag. Sjølv om det ikkje var noko som stod "på spel" på tabbellen, var det svært oppmuntrande for publikum å sjå at damene gav alt. Det var ein kamp med nerve i, men slutten var den mest nervepirrande. Dei siste sju minutta leia Volda 20-19, og etter to taktiske timeoutar vart det også sluttresultatet, etter flott målvaktspel med fleire spektakulære redningar på begge sider av banen. Det siste skotet frå Chalottenlunds Aune, redda vår fantastiske Hilde Søyseth, og sikra dermed at Volda enda med 31 poeng denne sesongen, og ein flott fjerdeplass på tabellen. Av 22 kampar har Volda vunne 15, spelt ein uavgjort og tapt berre seks. Vi må berre minne om at målet var 16 poeng og å halde seg i førstedivisjon. Få hadde vel trudd at Voldadamene og Halldór skulle vere med å kjempe om opprykksplass i deler av sesongen. 

Halldór var fornøgd med forsvarsspelet etter kampen, og vi kjem også til avslutningar. Det at resultatet ikkje vart betre i Volda sin favør, skuldast delvis at det vert ein del bomskot, og delvis at Charlottenlund si målvakt, Maren Austmo Pedersen, sto svært godt i motstandarmålet, seier Voldatrenaren. Han ser vidare framover mot vidare jobbing med damelaget. Volda handballklubb takkar og bukkar for ein spennande kamp. Oppsummering av sesongen kjem litt seinare. Vi vil også prøve å få tak i betre bilde frå kampen, og vil oppdatere etter kvart. 

Med maskotar før kamp

   Fornøgde damespelarar

Foto: Ove Krumsvik