Av Silje Birkhol

Damene enda til slutt på ein fjerdeplass i tabellen, men trenar Halldór Stefán Hardalsson trur spelarane ser fram til neste sesong likevel.

 

-Når vi tek med alt, så trur eg vi kan vere veldig nøgde med 18-19 sesongen. Det var ei reise med berg- og dalbane.

 

Sola toppa tabellen med 44 poeng, med Aker Topphåndball i hælane med 39 poeng. Både Volda og Follo HK Damer fekk med seg 31 poeng frå dei 22 kampane. Mindre målforskjell enn damene frå Ski var i denne sesongen ikkje nok. Oppgjera laga mellom blei avgjerande, der Follo HK Damer tok med seg tre poeng, og Volda berre eitt poeng.

 

Sjølv om damene ikkje var langt unna kvalikplass og opprykk til eliteserien, meiner Haraldsson at det har vore ei positiv reise trass i at spelarane er skuffa over å ha mista moglegheita.

 

-Vi plukkar opp mykje erfaring som kjem til å hjelpe klubben og spelarane i framtida.

 

Damene ser no framover mot ein tøff sesong med mykje jobbing. Trenar Haraldsson førebur damene på å bli enda betre.

 

-Det blir vanskelegare neste år. Vi fekk ein liten fordel i siste sesong på grunn av at vi nyleg hadde rykka opp, og ingen såg på oss som ein kandidat i toppsjiktet. Viss nokon trur at det berre er å spele like bra som vi gjorde i denne sesongen for å være i toppen, så tek dei feil. Vi må bli enda betre.

 

Volda-damene og handballklubben takkar for flott engasjement og støtte frå publikum, støttespelarar og frivillige, og damene gler seg til det dei har i vente i neste sesong.

 

 

Tabellfakta:

  • Sola vann alle kampane, og drog med seg 44 poeng frå sesongen
  • Aker Topphåndball tok 39 poeng, og dermed andreplassen
  • Stabæk hamna sist i tabellen med fem poeng
  • Toppscorar i tabellen: Emma Johannesen Haugstvedt frå Gneist med 168 mål
  • Toppscorar blant Volda-damene: Marte Lausund Nornes med 92 mål

Resultat haust:

  • Volda-Førde: 35-20
  • Fjellhammer-Volda: 27-33
  • Flint Tønsberg-Volda: 20-21
  • Volda-Sola: 28-37
  • Ålgård-Volda: 25-29
  • Volda-Follo HK Damer: 28-28
  • Gneist-Volda: 18-22
  • Aker Topphåndball-Volda: 28-25
  • Volda-Viking TIF: 30-14
  • Volda-Stabæk: 28-25
  • Charlottenlund SK-Volda: 33-37

 

Resultat vår:

  • Førde-Volda: 18-32
  • Volda-Fjellhammer: 27-24
  • Volda-Flint Tønsberg: 28-25
  • Sola-Volda: 28-22
  • Volda-Ålgård: 22-17
  • Follo HK Damer-Volda: 36-27
  • Volda-Gneist: 26-31
  • Viking TF-Volda: 23-26
  • Volda-Aker Topphåndball: 16-28
  • Stabæk-Volda: 19-31
  • Volda-Charlottenlund SK: 20-19