Marte er først og fremst ein fantastisk angrepsspelar; ein kreativ og skapande playmaker. Ho var toppskårar for Volda i førstedivisjon i 2018/2019 med 92 mål på 22 kampar. 

Vi gler oss over at Marte vel å fortsette i Voldadrakta, og har store forventningar til henne neste sesong! 

På bildet med Marte har vi Norodd Dyrhovden, styreleiar i Volda Handballklubb og Lise Ulstein, Sals- og marknadssjef i Tussa. 

Kontrakten vart underskriven i Tussa sin flotte lokale. Tussa er og har vore ein veldig viktig sponsor for Volda Handballklubb i mange år. Hurra for gode sponsorar og eldsjeler!