Før andredivisjonslaget reiste til Trøndelag for å møte Sverresborg og Levanger 2, fekk supportarane ei fin gåve av ei nyheit.

Bakspelar Pernille Holsvik Ingebrigtsen (frå venstre), målvakt Hilde Søyseth og kantspelar Kine Kvalsund har signert kontrakter med Volda som varer til 2020.

Dermed signaliserer klubben at dei vil sikre seg sentrale spelarar med tanke på eit opprykk til førstedivisjon.

Frå før har trenar Halldór Stefán Haraldsson forlenga kontrakten sin med klubben.

- Vi har lyst å rykkje opp. Då må vi sikre oss dei spelarane vi har, slik at vi tidleg veit kva posisjonar vi må søke erstatningar eller forsterkingar for, seier Haraldsson til avisa Møre.