Slik opprettar du ein brukar/lagar profil på Minidrett.no: 

  1. Gå inn på www.minidrett.no og trykk på «ny bruker». Her fyller du inn dei brukaropplysningar det blir spurt om

    • Her blir det blant anna spurt om fødselsnummer. Dette blir ikkje lagra korkje hjå oss i Volda handball, eller nokon annan stad. Dette er kun fordi fødselsnummer er den einaste måten ein kan identifisere at du faktisk er den du utgir deg for å vere. (Dei som ikkje har norsk statsborgarskap oppgir at dei har nasjonalitet: «annen». Då er det ikkje krav om fødselsnummer)

  2. Lag brukarnamn og passord. Etter dette får du tilsendt ein SMS med ein kode for å stadfeste.

  3. Du har no ein aktiv brukar i Minidrett.Lag profil minidrett instruksjon

Slik blir du medlem av Volda handballklubb frå din profil i Minidrett:

1. Gå inn på Minidrett.no – Logg inn – Trykk på "Medlemskap", og trykk på "Finn ny klubb".
2. Skriv "Volda" i søkefeltet.
3. Resultata kjem opp under – vel Volda handballklubb.
4. Deretter dukkar det opp eit nytt felt. Marker "håndball". (Dersom du vil vere medlem i Volda handballklubb, men ikkje drive idrett, markerer du berre boksen ved sida av lagnamnet - ikkje "håndball".)
5. Trykk på send søknad.