Thea kom til oss 20 år gammal, frå spel i klubben Fylkir på Island. Ho har vore ein viktig spelar for oss dei to åra ho har vore i Volda, og vil bli sakna både som spelar, trenar for yngre lag, og ikkje minst for det flotte mennesket ho er. Ho har hatt stor sportsleg utvikling i tida i Voldadrakta, og vi gler oss til å følgje karrieren hennar vidare.

Heile Volda Handball takkar Thea for innsatsen og ønskjer henne lykke til i ny klubb!

 

 

Foto: Ove Krumsvik