Tommy Furuli har dei siste sesongane vore tilsett som ansvarleg for rekrutttlaga. Det vil seie for spelarane som er 17 år og eldre, men som ikkje er klare for 1. divisjon. Det siste tilskotet klubben no har skrive avtale med, er altså islandske Oli Sveins. Ólafur har vore aktiv spelar på elitenivå på Island, og har trent lag ifrå seniornivå i 1. divisjon og ned til dei aller yngste. Nyleg var Oli, som han vert kalla, trenar for herrelaget til Stryn i 2. divisjon 2017-2018. Han er busett i Stryn og vil pendle til Volda og omegn for treningar og kampar. Dette har vi stor tru på skal ta J 15 og 16 til nye høgder.

Tidlegare klubbar: Træff (Molde) 2003-2005, IL Jotun (øvre Årdal) 2005-2007, Fjölnir Reykjavík 2007-2009, Bravo Tromsø 2010-2011, Årstad Bergen 2011-2012, IL Jotun 2012-2017, Stryn TIL 2017 - 2018.

Vi er stolte over og glade for å få endå ein trenarkapasitet med på laget. Oli er ein meritert trenar med sterke meiningar og høg kompetanse. Vi trur at det å få Oli som trenar for J15/16 vert eit spennande lyft i den vidare satsinga. Klubben fokuserer stadig meir på kvalitet i spelarutviklinga. Dette meiner vi er den rette vegen å gå for ein klubb som Volda Handball. Vi skal vere ein klubb der unge spelarar som vil sjå kor langt dei kan nå, har moglegheit til å utvikle seg optimalt. Velkomen Oli!