Vipers viktig i oppkøyringa

Denne veka starta Volda sitt eliteserielag treningane etter sommarferien. Vi har spurt Halli om planane for oppkøyringa fram mot sesongstart der ei av dei fyrste styrkeprøvene blir mot Vipers under Handballveka.
Les meir

Klar for handball-fest med Vipers

Den 8. august går startskotet for eit av årets sportslege høgdepunkt i Volda. Då startar Handballveka der vi får besøk av Champions League-meister Vipers. Velkjende handballprofilar som Katrine Lunde, Marta Tomac og verdsstjerna Anna Vyakhireva skal denne veka utfordre vårt nyopprykka eliteserielag og halde handballskule for over 200 unge handballspirar. Vi har spurt arrangementleiar Arild Bakke om kva dette betyr for klubben og Volda.
Les meir

Helga Pedersen Lersveen tilbake til Volda

Helga Pedersen Lersveen som er oppvaksen på Stranda er tilbake i Volda Handball. Etter ein sesong i 2. divisjon med Nit-Hak. flyttar Helga heim igjen og blir ein del av eliteseriegruppa dei to neste sesongane.
Les meir

Hanna Ræstad har signert til 2023!

Hanna fekk ein alvorleg skade dagen før avreise til fyrste kampen i førre sesong. Sidan har ho lagt ned ein stor jobb for å kome tilbake, og det blir gledeleg å sjå ho på bana igjen til hausten, seier Halli.
Les meir

Auria er med vidare!

Vi er særdeles glade for å kunne melde at Auria Ann Ose har signert i ny kontrakt med klubben. For Halli er det spesielt gledeleg at det er ein spelar med røter i Volda som no blir med laget vidare opp i Eliteserien.
Les meir

Serbisk toppspelar til Volda!

Jelena Terzic har signert ein 2-års avtale med Volda HK. Jelena har spelt for toppklubbar i heimlandet Serbia og Romania dei siste åra. Ho er 27 år, venstrehendt og spelar på høgreback.
Les meir

Sara Hoel Røyr har signert for 2 nye år i Volda

Sara er frå Stranda og debuterte på fyrstelaget  til Volda i sesongen 2020/2021. Ho har sidan vore fast i denne treningsgruppa, og står så langt med 19 kampar og 5 mål for fyrstelaget. I tillegg har Sara mange kampar for rekruttlaget vårt.
Les meir

Islandsk landslagspelar til Volda!

Rakel Sara Elvarsdóttir har signert 2 års kontrakt med Volda handball. Rakel Sara er islandsk høgreving fødd i 2003, og har spelt for KA/Þór på Akureyri. I sesongen 2020/21 var ho som 18-åring heilt sentral då laget for fyrste gong vann eliteserien på Island. Då scora ho 74 mål på 19 kamper, og hadde 70 prosent utteljing.
Les meir

Ingrun Ranes har signert 2-års kontrakt med Volda!

Ingrun er eit ungt keepertalent frå Surnadal. Dei siste sesongane har ho spelt med Kongsvinger IL som i år vann si avdeling i 3. divisjon. Ingrun har også vore ein del av 2004-landslaget.
Les meir

Ingvild Græsdal har forlenga kontrakta!

Strandajenta Ingvild var berre 17 år då ho spelte sin fyrste kamp i 1. divisjon for Volda i sesongen 2018/2019. Ho er derfor på veg inn i sin femte sesong for A-laget til Volda. - Vi er veldig fornøgd med at Ingvild vel å satse vidare med oss, fortel Halli.
Les meir

Iulia (Yuliya) Andriichuk har signert ny 1 års kontrakt med Volda

Iulia kom frå spel i polsk eliteserie til Volda før sesongen 2021-2022, og har vore ein svært sentral spelar i opprykksesongen. Med 116 mål er ho lagets toppscorar og nummer tre i 1. divisjon. 33 straffemål er også eit bevis på at Iulia er ein spelar som er til å stole på i avgjerande situasjonar, seier Halli. 
Les meir

Volda styrkar stallen - velkomen Emilia!

Emilia Giske har signert 2 års kontrakt med Volda Handball. Dei siste åra har Emilia spelt i 1. divisjon for Ålgård der ho i årets sesong blei lagets toppscorar med 87 mål.
Les meir

Ingrid Jamtli Rye har signert ny 1-års kontrakt med Volda

Ingrid var 19 år då ho kom til oss fra Spjelkavik i 2018, og har tatt store steg gjennom sine år her i Volda. Ho har vore ein av 1. divisjons beste spelarar både framover og bakover dei siste sesongane.
Les meir

Vi ønsker Dana Björg velkomen til Volda!

Volda har signert Dana Björg Gudmundsdottir på 2-års kontrakt. Den norsk-islandske vingen har spelt for 1. divisjonsklubben Reistad dei to siste sesongane, men kjem opphaveleg frå Konnerud.
Les meir

Marte tek ny sesong i Volda!

Marte Nornes har signert ny kontrakt og går dermed inn i sin sjuande sesong for Volda.
Les meir

Velkomen til festen!

Ein fantastisk sesong skal avsluttast med heimekamp mot Charlottenlund på søndag. Volda har så langt vunne 16 kampar, har tre uavgjort og NULL tap! Vi satsar på publikumsrekord når heile Volda og tilreisande frå fjern og nær skal få høve til å hylle våre fantastiske damer. Kva trur Halli før denne sjarmøretappen?
Les meir

OPPRYKKET ER SIKRA!

Voldadamene skreiv handballhistorie! Etter storsiger mot Levanger sikra dei seriemeisterskapet og opprykket - og det med ein kamp att av sesongen!!
Les meir

Før Volda - Levanger

Onsdag 6. april kan bli ein merkedag for Volda handball som då skal møte Levanger til ein kamp som er svært viktig for begge lag. Det som ligg i potten er direkte opprykk for Volda og ein muleg kvalikplass for Levanger. Kva trur Halli før denne kampen?
Les meir

No har denne gjengen to matchballar!

Voldadamene leverte ein ny, sterk prestasjon i toppkampen mot Haslum Bærum på bortebane. Med 23-21-siger ventar no to matchballar i kampen om direkte opprykk til eliteserien - den første i Ørstahallen onsdag.
Les meir

Volda med ny storsiger!

Volda var favoritt mot tabelljumbo Grane i Arendal søndag og innfridde til gangs. Ny siger med 10 mål er rett og slett imponerande av serieleiaren!
Les meir