Volda Jenter 9 heier på kvarandre på Volda-Cup 2022
Volda Jenter 9 heier på kvarandre på Volda-Cup 2022

Venskap og idrettsglede

I helga var det dei unge handballstjernene sin tur til å skinne i Volda Campus, då Volda-cup gjekk av stabelen. Meistring, venskap, handballglede og å heie på kvarandre var øvst på agendaen. Sjølvsagt rakk spelarane også kjekke ting utanom bana også – som å handle i kiosken, leike i gymsal og ikkje minst: Disco på kvelden!

Volda-Cup vart kasta i gang 0930 laurdag med 9-årslaga til Volda og Ørsta i aksjon. Dei prøver seg på større bane og mål i år, men har framleis med målvakta i angrep. Her tel vi ikkje mål, men jublar for alle smil og forsøk.

Venskapleg duell mellom Volda og Ørsta J9. Kjekt å spele handball!
Venskapleg duell mellom Volda og Ørsta J9. Kjekt å spele handball!

Det var også nokre «kjendisar» i aksjon under cupen. Elitetrenar Halldor Stefan Haraldsson leiar også gutar 9-laget til Volda, og var like engasjert som vi er van til å sjå han i Rema 1000-ligaen, med jubel og dirigering frå sidelinja.

Elitetrenar og G2013-trenar Halldor i aksjon på Volda-Cup med gutane sine.
Elitetrenar og G2013-trenar Halldor i aksjon på Volda-Cup med gutane sine.

Det var ekstra kjekt å sjå mange dyktige, lokale dommarar på bana. Ei viktig oppgåve på cup er ikkje berre å blåse i fløyta, men også å hjelpe dei yngste spelarane med å lære reglar og stille opp.

Og utan dugnadsforeldre – ingen cup. Dei stilte opp og gjorde det mogleg å ha både kiosk og ikkje minst disco på kvelden. Ei kjempekjekk helg, der forhåpentligvis nye venskap vart til, og mange kjente på meistring både på og utanfor parketten.

Tusen takk for innsatsen til alle som deltok, på bana, på tribuna og rundt om kring i hallen!

Volda Jenter 9 heier på kvarandre på Volda-Cup 2022
Volda Jenter 9 heier på kvarandre på Volda-Cup 2022