Frå 8. til 13. august inviterer vi til Handballveke i Volda. Då kjem Vipers, verdas beste handballklubb, på besøk. Denne veka kan vi by på handballskule, samt toppkampar mellom Volda – Vipers og Molde – Vipers.

I tillegg vil vi få inspirerande foredrag der Vipers delar raust av sine erfaringar på veg mot toppen.

Spelarar, trenarar og alle andre handball-entusiastar bør nytte seg av denne unike sjansen. Påmeldinga til handballskulen er opna, og her er det fyrst til mølla som gjeld (lenka nedanfor). Meld deg på no!

Her melder du deg på: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSf4oL_KOGfjKNSE1BTzQa8s4_Eu0nUJvNzDREHYPBIMqA23iQ/viewform