Dekorativ bakgrunn

Ønskjer velkomen til handballfest med Vipers


Kva vil du trekke fram som høgdepunkt i handballveka?

– Volda Handball har over mange år jobba både bevisst både med breidde- og toppsatsing. Denne handballveka og samarbeidet med VIPERS er eit glimrande eksempel på at dette kan gå hand i hand og at ei slik satsing gir vinn/vinn for heile klubben, samt regionen. Det betyr at for yngre spelarar og foreldra er nok handballskulen det store høgdepunktet. Unge spelarar frå heile regionen får møte og bli betre kjent med fleire verdensstjerner innan handballen og får vite litt meir om kva arbeid som ligg bak ein slik suksess. For publikum, spelarane og mange i organisasjonen er det klart at det at Volda får møte ein klubb som VIPERS, Katrine Lunde og ikkje minst den nye stjerna Anna Vyakhireva som mange reknar som verdas beste handballspelar. Nesten ikkje til å tru at Volda skal få møte ein slik spelar, også i seriekamp ut i september.


– Kva har du å by på for publikum denne handballveka? 

– Dette er ein fantastisk «kick-off» for ein historisk handballsesong for Volda og heile Sunnmøre. Vi håpar og trur på mykje folk i hallen når Volda får æra av å møte verdas beste klubblag for damer. Dess meir folk dess betre stemning og opplevelse vil det bli for både spelarar og publikum. Vi legg opp til at desse kampane blir generalprøve før sesongstarten 4. september. Publikum treng også å trene for å bidra til at Volda får ein ekstra spelar gjennom den positive energien som kjem frå tribuna, så her håpar vi å dra i gang kamprop og allsanger som bør høyrast heilt på Rotsethornet.

– Det som vidare er litt spesielt er at vi legg opp til miniseminar i forkant av kampane både måndag og onsdag, der dei som er påmeldt handballskulen eller har løyst billett får høyre VIPERS sin suksessoppskrift både når det gjeld spelarutvikling eller klubbutvikling.


– Kva betyr Handballveka for næringslivet i Volda/Sunnmøre?

– Veldig mange av Volda Handball sine sponsorar er opptatt av å bygge lokalsamfunn og gjere regionen til ein enda betre stad å bu. Volda Handball er no blant dei  fremste merkevarene og eit stadig meir attraktivt sponsorobjekt . Vårt mål er å bygge opp «Handballveka» til ein årleg tradisjon og eit stadig større arrangement og merkevare som etter kvart vil få stadig større betydning også for næringslivet. Vi kan ikkje tenke oss ein betre samarbeidspartnar enn VIPERS for å få dette til.


– Kva betyr det for ein klubb som Volda å få til eit slikt opplegg saman med Vipers?

– Det er ikkje mange år sidan VIPERS var ein gjennomsnittleg norsk eliteklubb. Dei har siste åra hatt ei enorm utvikling og bratt lærekurve på mange områder. Sportsleg har dei overtatt Larvik sin sterke posisjon, organisasjon er bygd stein for stein og ikkje minst når det gjeld merkevarebygging har dei tatt store steg. Kristiansand er heller ingen storby og likevel makter dei  med begrensa ressurser å vinne den gjevaste tittelen i Europa to år på rad. Vi syns det var gjevt at det var dei som kontakta oss for å høyre om vi var positive til å få dei på besøk. Vi trengte sjølvsagt ingen betenkningstid og ser veldig fram til møter med klubbleiing og sportsleg apparat der dei deler sine erfaringar. Sjølvsagt er dette av stor betydning for å hjelpe oss til å gjere rette val for å etablere klubben på øvste nivået i Noreg. Vi er veldig klar over at dette blir veldig krevjande for Volda, men trua og motivasjonen blir nok ikkje svekka etter ei veke saman med VIPERS. 


– Kva forventningar har du til handball-veka i Volda?

– Dette er fyrste forsøk, men vi opplever å få stor merksemd lokalt og frå heile handballmiljøet på Sunnmøre. Vi håpar på gode opplevelsar både for dei som har meldt seg på handballskulen, for publikum som kjem på kampane og ikkje minst at VIPERS er fornøgd med opplegget og ynskjer å kome tilbake også neste år. Vi kjem sjølvsagt til å evaluere arrangementet for å sjå på forbetringspotensiale til neste år. Vi skal ha eige møte med klubbleiinga i VIPERS under opphaldet for å diskutere mogleg vidare utvikling av denne handballveka.


– Det er over 200 påmelde til handballskulen. Korleis blir handballskulen organisert?

– Vi deler dei påmelde inn i to hovudgrupper, ei på formiddag som består av lokale spelarar frå Volda, Ørsta og Hødd og ei gruppe på ettermiddagen som består av øvrige spelarar frå heile distriktet. Kvar gruppe blir igjen inndelt i fire grupper etter alder som vil ha fokus på både teknikk, styrke og skadeførebygging, og dessutan kunnskap om kosthald/restitusjon. Det blir tre intense timar i tillegg til gratis billett til kampane. som også inneheld miniseminar der VIPERS gir gode råd på vegen vidare frå verdas beste målvakt Katrine Lunde og VIPERS sin suksesstrenar Ole Gustav Gjekstad. Det blir 50/50 instruktørar frå Vipers og Volda sine elitespelarar og trenarar. Sjølve opplegget er det VIPERS som har regien på så det er berre å glede seg, avsluttar Bakke.

Tekst: Idar Flo.