Hanna Ræstad

9: Hanna Ræstad

Hanna er ei av tre Midsund-jenter på laget. Ho har spelt på seniorlaget til Midsund og eit år innom Molde. Hanna har vore ei viktig brikke på laget heilt sidan ho kom til Volda i 2016. Hennar raske finter og stå-på-vilje gjer at vi alltid kan rekne med at ho yter sitt beste, både på trening og i kamp. Ho er veldig imøtekommande og tek seg godt av nye og yngre spelarar på laget. Ein seriøs spelar, men alltid med eit smil på lur og som ikkje tek seg sjølv for høgtideleg.