Dekorativ bakgrunn

6: Fride Heggdal Stølen

Fride er ei av tre midsundjenter på laget, og ho kom til Volda for tre sesongar sidan. Fride er ein strekspelar med solid fysikk, og ho har tatt store steg sidan ho kom til Volda. I tillegg til å være sentral på bana, er Fride viktig for gruppa sosialt. Ho spreier mykje glede og latter både på og utanfor trening. Før Fride flytta hit spelte ho også fotball på høgt nivå. Vi er veldig glad for at Fride valde handballen og Volda, og vi gler oss til å følgje denne spennande strekspelaren også i eliteserien. 

Spillerstall

Støtteapparat