Sara Hoel Røyr har signert for to nye år
Sara er frå Stranda og debuterte på fyrstelaget til Volda i sesongen 2020/2021. Ho har sidan vore fast i denne treningsgruppa, og står så langt med 19 kampar og 5 mål for fyrstelaget. I tillegg har Sara mange kampar for rekruttlaget vårt.
– Sara har vore ein av dei beste spelarane på rekruttlaget vårt dei siste åra, og vi er utruleg glade for at ho skal fortsette med oss i Volda, fortel Halli.
– Vi har trua på at Sara kan utvikle seg videre hos oss, og er veldig fornøgd med at ho vel å forlenge kontrakta. Sara er ei flott jente som alltid gir 100 % på trening, så ho passar veldig godt inn i den profilen av spelarar som vi har lyst til å ha hos oss.