Auria er med vidare
Vi er særdeles glade for å kunne melde at Auria Ann Ose har signert ny kontrakt med klubben. For trenar Halli er det spesielt gledeleg at det er ein spelar med røter i Volda som no blir med laget vidare opp i eliteserien.
– Auria er oppvaksen i Volda, og det betyr veldig mykje for stallen og prosjektet. Eg er veldig nøgd med at Auria vil fortsette med handball etter å ha vore borte det siste året på grunn av graviditet og fødsel. Det er viktig for oss som klubb å legge forholda godt til rette for spelarar som av slike grunnar må vere borte frå handballen ein periode slik at vi kan behalde dei, seier Halldór Stefán Haraldsson.
– Auria sine styrkar er at ho kan så og seie spele på alle posisjonar på bana, samtidig som ho også er veldig rask i kontringar. Ho har spelt mest på høgreving dei siste åra, men for nokre år tilbake var ho ein spennande midtback. Vi skal gje Auria den tida ho treng for å trene seg opp igjen og kome tilbake for fullt. Vi er veldig glade for at vi får ha denne positive flotte jenta med oss vidare.