(Foto: Marius Beck Dahle)

Ønskjer Vipers velkomen til Volda

(Foto: Marius Beck Dahle)

Nyleg vann Vipers Champions League for andre året på rad. Vi har spurt Halli om korleis det vil bli når vi i august skal ta imot verdas beste handball-lag til treningsleir i Volda.

Kva er din reaksjon på Vipers sin siger i Champions League, Halli? 

– Først så vil eg gratulere Vipers med ein fantastisk kamp i Budapest. Eg syns det er ein utruleg prestasjon å vinne Champions League to år på rad!

Det blir ein del utskiftingar på Vipers framfor neste sesong, trur du laget vil halde det same høge nivået framover?

 – Det blir alltid nokre utskiftingar på eit lag frå sesong til sesong, men Vipers har tidlegare vist at dei klarer å erstatte dei som forlet klubben på ein svært god måte. Vipers er det beste laget i verda akkurat no, og med nye toppspelarar på veg inn tyder alt på at dei blir like tøffe å møte neste sesong også.

Kva er dine forventningar til at Volda skal få ta imot dette storlaget på treningsleir?

 – Det blir utruleg lærerikt for oss å sjå måten dei jobbar på, og ikkje minst inspirerande for alle unge spelarar i Volda og nærområdet. Det er ikkje ofte ein har lyst til at sommarferien skal bli over så fort som muleg!