6-åringar fekk trene med elitespelarar

Fekk inspirasjon før hausten startar opp att

Dei yngste spelarane i klubben hadde nyleg ei veldig kjekk økt som viser at vi har mange flinke komande handballspelarar blant oss.Volda handball inviterte 6-åringane til ei «prøve-trening» før vi startar opp med trening i september. 

Det var fire spelarar frå elitelaget som trente dei, og Kine Kvalsund hadde ansvar for økta. Veldig flinke instruktørar alle saman!

Spelarane bidrog og var flinke og engasjerte borna på ein flott måte. Her var det mykje leik og moro med ball. 25 engasjerte komande handballspelarar tok del – med god stemning! Økta vart avslutta med bollar og saft.