(Foto: Marius Beck Dahle)

Vipers viktig i oppkøyringa

Volda er i full gang med treningane etter sommarferien. Vi har spurt trenar Haldor Stefan Haraldsson om planane for oppkøyringa fram mot sesongstart der ei av dei fyrste styrkeprøvene blir mot Vipers under Handballveka.

Tekst: Idar Flo

– Vi er utruleg takknemlege for at Vipers vel å legge sin oppkøyring til Volda. Det er stort for oss å få eit lag som Vipers på besøk. Vi skal likevel ikkje gløyme at vi som klubb i har gjort enormt arbeid over fleire år, noko som er grunnen til at Volda i dag er i den posisjonen som vi er i. Det er ikkje berre Vipers som er snille med oss det, men det er på grunn av dei fasilitetane som vi kan tilby, entusiasmen i klubben og suksess på bana som gjer at vi er i den posisjonen å kunne ta imot verdas beste handballag.


Stort for Volda og Sunnmøre
– Eg gler meg veldig til heile oppkøyringa fram mot sesongstart. Vi har mange nye spelarar, og vi har eit lag som treng litt tid å spele seg saman. Vipers-veka blir ein viktig del av oppkøyring der vi får prøvd oss mot skikkeleg god motstand. Etter dei kampane så har vi fått smake på nivået og veit meir kva vi må jobbe med. Vi kjem heilt sikkert til å bli avslørt på mange områder, og det er fint å få det så tidleg i oppkøyringa. Eg er også veldig glad på vegner av heile Sunnmøre at vi har fått til eit så godt opplegg, og håpar at det blir mange som tar turen til Volda denne veka og ser på kampar eller deltek på handballskulen. Dette blir ein «once in a lifetime» oppleving!

GAMLE OG NYE PUBLIKUMSFAVORITTAR: Frå venstre: Helga Pedersen Lersveen, Hilde Søyseth (begge comeback for Volda), Jelena Terzic (HC Naisa Nis), Emilia Giske (Ålgård), Dana Björg Gudmundsdottir (Reistad), Rakel Sara Elvarsdóttir (KA/Þór), Margit Lidal (Ålgård)

Mange nye på laget
– For oss er det ikkje noko nytt at vi har ein del utskiftingar i spelarstallen mellom sesongane. vi har blitt godt vande til å sy saman eit nytt lag i juli/august i gjennom dei siste årene. Vi får nokre dagar saman før vi startar med treningskampar. Den fyrste treningskamp blir mot Charlottenlund i Stryn den 3. august. Det blir fint å bruke den kampen til å sjå status på alle. Så kjem Vipers-veka i frå 8. august, og vi får då ein god peikepinn på kva vi må verkelig jobbe med dei neste vekene. Vi har sidan ein tur ei eliteturnering på Lillestrøm i midten av august, der vi møter gode lag og har muligheiten til å utvikle oss videre. Heilt i slutten av august er det så NM-kamp mot Ørsta, noko som på ein måte blir generalprøva før seriestart. August blir med andre ord ein hektisk månad, men også fantastisk moro, avsluttar Halli entusiastisk.