Skal ta ytterlegare steg til seriestart
Førebuingane mot sesongstart held fram, og i dag reiser Volda til Romerike. Der skal dei delta i Preseason Challenge saman med fem andre topplag. Vi har spurt Halli om oppkøyringa så langt, og kva målsettingar laget har for den komande turneringa.
Tekst: Idar Flo. Foto: Marius Beck Dahle.
– Kampane mot Vipers var veldig viktige for oss. Vi fekk trena på mykje forskjellig i både angrep og forsvar, samtidig som spelarane blei litt meir kjent med kvarandre på bana. Det var også fint at vi fekk erfare kor lista ligg på dette nivået, og på kva område vi må bli betre for å utvikle oss vidare. Det er alltid sånn med treningskampar at nokon ting fungerer veldig bra, mens andre ting ikkje fungerer i det hele tatt. Då er det var fint å få prøvd det ut mot så bra motstand.
– Vi reiser nedover til Romerike med 19 spelarar. Ikkje alle er speleklare, men vi ser på denne turneringa som ein viktig del av utviklinga av laget. Som kjent har vi mange nye spelarar, så det er viktig at vi lærer kvarandre å kjenne både på og utanfor bana»
– Målsettinga for denne turneringa er at vi skal utvikle spelet vårt nokre steg vidare. Vi møter sterke lag, så det blir veldig fint å prøve ut fleire ting og forhåpentlegvis få alle spelarane godt i gang slik at dei føler at dei blir trygge på rollene sine i laget. Vi kjem difor til å bruke mange spelarar i alle kampane, for i år blir det viktig for oss å bruke breidda i stallen, avsluttar Halli.
Volda møter Aker topphandball og Oppsal i si pulje: https://ravens.no/preseason-challenge-2022/