Volda-cup i helga: Lokaloppgjer i kø

26. – 28. august er det klart for årets Volda-cup i Volda Campus Sparebank1 Arena. Der kan du sjå lokale lag frå 3., 4. og 5. divisjon kjempe om å gå til topps. Moroa startar med nabokampen mellom Volda og Ørsta!

Til helga er det klart for den årvisse Volda-cupen, som endeleg kan ta imot publikum på «vanleg» vis etter pandemien. Åtte lag frå 3., 4. og 5. divisjon skal gjere opp seg i mellom.

– Vi har deltakarar frå Florø, Vestnes/Varfjell, Ørsta, Hødd, Langevåg og Godøy og Otta, seier Linda Engjaberg i Volda handball. 

Sjølvsagt stiller også Volda-damene på heimebane, og får opne ballet med godbiten Volda-Ørsta fredagen. 

– Det vert grilling og kiosk heile dagen, og born kjem inn gratis. Kom på kamp, inviterer Engjaberg. 

Innang for vaksne er 50 kroner per kamp, og 100 kroner for ein heil dag i hallen.