(Foto: Marius Beck Dahle)

Gler seg til gjensyn med Levanger

Onsdag reiser Volda til Levanger for å spele 3. runde i cupen. Trøndarane har tapt begge sine kampar i 1. divisjon. Kva er planen før denne kampen, Halli?

Tekst: Idar Flo, Foto: Marius Beck Dahle.

– Vi får ei lang reise, men det er alltid gøy med mykje publikum og bra stemning når vi møter Levanger der oppe. Vi kjenner godt til Levanger, og dei fleste spelarane hugsar godt det siste møtet mot dei då vi sikra opprykk i Ørstahallen for nokre få månader sidan, minnast Volda-trenaren med eit glis.

Han trur ikkje starten på seriespelet har vist Levanger på sitt beste enno: – Dei har fått ein litt overraskande tung start på årets sesong, særleg mot Gjerpen i fyrste seriekamp i 1. divisjon. Eg  trur likevel det berre var ein dårleg kamp av dei, og at det kjem ikkje til å vere slik resten av sesongen, spår Halli. For han og Volda handlar det uansett om å tenkje på eigne prestasjonar:

– Vi må ha fokus på oss sjølve og tenke i den retninga som vi har gjort i det siste der vi jobbar vidare med både forsvars- og angrepsspelet.  Vi håper først og fremst på utvikling av eige lag, men ønsker sjølvsagt også at det skal halde til at vi tek oss vidare til neste runde i NM!

Avkast i Levanger er onsdag 21. september klokka 17.00 i Trønderhallen.