Møt Dana!

Det er sikkert mange som har lagt merke til henne. I haust har ho flydd som ein virvelvind opp og ned Voldas venstrekant. Seks mål i sesongdebuten mot Fredrikstad fekk også fleire til å få auga opp for henne.

Eg har avtalt å møte Dana på campus i pausen etter ei økt med eigentrening og før ho skal vere på forelesing. Det er nok ikkje noko latmannsliv å kombinere studiar med handball på toppnivå.

Det var Halldor som tok initiativet til at Dana Björg Gudmundsdottir skifta klubb frå Reistad til Volda før årets sesong.

– Halldor tok kontakt med meg i vår etter heimekampen vi spelte mot Volda. Eg hadde eigentleg ikkje spelt noko super kamp, men likevel spurte han om eg kunne vere interessert i å kome til Volda. Han gav meg tid til å tenke meg om, og då det litt seinare klart at Volda rykte opp, så blei det sjølvsagt svært attraktivt å få sjansen til å spele i eliteserien, fortel 20-åringen. 

Namnet avslører opphav langt mot vest.

Eg er født på Island, og heile familien er islandsk, fortel Dana på klingande drammensdialekt. Familien flytta nemleg til Drammen då Dana framleis berre var ein liten baby, og etter kvart fekk ho også skifta til norsk pass.

Etter at familien flytta til Norge så blei det ein del turar til Island som også inkluderte ein tur i suvenirbutikken (foto: Privat)

I barndommen var det andre aktivitetar enn handball som fyrst fanga Dana si interesse.

Eg dreiv med dans lenge før eg starta med handball. Eg gjekk på ein danseskule som hadde både ballett, hiphop, jazz og fleire andre typer dans, fortel Dana.

Storebror var mest interessert i motorcross, men prøvde også andre idrettar. Ein dag fekk han dradd med Dana for å prøve karate.

– Det blei med berre denne eine gongen. Eg hugsar at eg løp gråtane ut frå treninga, så det var nok ingenting for meg, fortel Dana mens ho smiler. Då gjekk det heller betre då venninene til 11 år gamle Dana fekk henne med på å prøve på handball.

Det var mange av venene mine som spelte handball, og det var veldig fint handballmiljø på Konnerud. Det var ikkje så alvorleg satsing så tidleg, det var fyrst då vi blei 13 – 14 år at det blei litt meir spissa.

Dana spelte på Konnerud som ofte har utmerka seg som ein av dei beste klubbane i aldersbestemte klasser. Her er Dana på Drammenscup i 2018 (foto: Privat)

Dei andre på laget var begynt å få faste plassar, og Dana blei frå starten av plassert på vingen.

Eg var ein nokså liten og spinkel 11-åring, så vingposisjonen fall seg nokså naturleg der eg veksla mellom å spele på begge sider. Merkeleg nok så skyt eg best med høgrehanda, sjølv om eg skriv med venstre.

I dag er difor Dana venstreving, og tillegg til handballen studerer ho også til å bli lærar i barneskulen.

– Eg har alltid vore god med barn, og det har lenge vore openbart at eg skulle jobbe med barn. Då eg hadde friår jobba eg på SFO og som lærarassistent, og det overbeviste meg om at det var dette eg ville.

Dana har pynta seg til 8-årsdagen sin (foto: Privat)

Utanom handball og studiar blir det ikkje tid til så mange andre aktivitetar enn å vere saman med vener og gjerne stikke innom Voldahallen for eit slag padel.

Eg prøvde å begynne å strikke, men sjølv om eg synest det gjekk greitt så blei det prosjektet skrinlagt etter ett panneband. Eg fekk ikkje lov av Nora til å begynne å strikke genser, ho meinte eg fyrst måtte øve meg meir, fortel Dana lett spøkefullt og lar det skine gjennom at det høgst uvisst om det vil skje nokon gong.

Så sjølvom talentet for å strikke rette og vrange masker kanskje er noko usikkert, er det nok mindre tvil om at Dana kan finne vegen til nettmaskene. 14 fulltrefferar så langt i sesongen, i tillegg til mange assist tyder på det. Korleis trur du det går med Volda i år, Dana?

Vi må jobbe hardt, og vere på heile tida. Men er vi det, vil vi kunne klare å ta nok poeng til at vi klarer å holde oss blant dei åtte beste og unngår gruppespill. Det håper eg iallefall, seier Dana før ho må haste vidare til forelesing.

Det håpet deler Dana med mange!