(Foto: Marius Beck Dahle)

Fullt muleg å slå Storhamar

På onsdag skal Volda møte Storhamar som denne helga spelte kamp i Champions League. Det er altså eit lag med mykje kvalitet i alle lagdelar som vi skal spele mot, fortel Halli.

– Dei har startet årets serie med 2 tap og 1 uavgjort i fyrste 4 kampene, noko som er ein relativt svak start for eit så godt lag som Storhamar som i fjor tok sølv i Rema 1000-ligaen.

– Vi har sjølvsagt som vanleg fokus på eige spel. Etter Sola-kampen så har vi verkelig eit ønske om å forbetre angrepsspelet vårt. Vi syns det er synd at vi ikkje klarer å utnytte det gode keeper- og forsvarsspelet vårt, for vi meiner det burde resultere i fleire kontringsmål. Klarer vi å score fleire kontringsmål så treng vi ikkje alltid å sette opp etablert angrep. Det kan vere slitsamt igjennom ein heil handballkamp å alltid måtte score fra etablert angrep.

– Samtidig så jobber vi med det etablerte angrepsspelet. Vi ønsker å få inn meir tempo, betre satsningar og meir flyt på ballen. Til slutt så må vi også prøve å løfte uttellingsprosenten vår på dei sjansane som vi klarer å skape.

– Vi spelar på heimebane på onsdag og der skal vi alltid vere tøffe å møte. Vi håper at publikum stiller opp og fyller tribunene, og at vi gjenskaper den gode stemninga som vi har klart på dei siste heimekampane, avsluttar Halli.

Kampstart er 12. oktober kl. 18.30 i Volda campus Sparebank1 arena.