Møt Hante!

Våren 2021 kom Hante Hamel frå nederlandsk eliteserie til Volda. Med ein redningsprosent på over 50 i fleire kampar imponerte ho publikum, og bidrog sterk til at laget tok steget opp i Rema1000-ligaen. 

– Vi kan godt ta intervjuet på norsk, seier Hante idet vi møtes. Ettersom min nederlandsk er litt rusten takkar eg gladeleg ja til tilbodet. Hante har nemleg studert  «norsk for utanlandske studentar» ved høgskulen det siste året. 

– Det var lettare for meg å lære norsk enn for mange andre i klassa, fortel Hante og forklarar det med språkleg slektskap mellom norsk og nederlandsk.

Då Hante signerte for Volda, var det ein langvarig draum som blei oppfylt. 

– Eg hadde lenge hatt eit ønske om å spele i utlandet, og då eg fekk høyre frå agenten min at Volda var på jakt etter ein keeper så tenkte eg at dette var sjansen.

Dette var under koronatida, så prøvespel var svært vanskeleg å få til. Men etter nokre telefonsamtalar og utveksling av videoar så var kontrakta i boks. 

– Eg var nettopp ferdig med utdanninga, så tidspunktet passa også veldig bra. 

Hante er utdanna spesialpedagog ved Universitetet i Nijmegen, dei siste åra i kombinasjon med spel i for eliteserieklubben Vlug & Lenig, lengst sør i Nederland.

Korleis var overgangen frå nederlandsk til norsk handball?

 – Det er stor forskjell, blant anna når det gjeld profesjonalitet. Nokre lag trener berre 3-4 gonger i veka, mens andre trener 8-9 økter. Nivået i Volda er høgare. Eg trur ingen lag i nederlandsk elite hadde klart seg i norsk elitedivisjon, og berre dei to-tre beste laga hadde hevda seg i norsk 1. divisjon.

FRÅ EIN SKØYTENASJON: – Her er eit bilde av meg frå då eg var fem år. Eg likte godt å stå på både på rulleskøyter og vanlege skøyter. (Foto: Privat) 

Starten på handballkarrieren skjedde i heimbyen Looser, ein by på storleik med Volda langt mot aust og nærast i gangavstand til Tyskland. 

– Før eg starta med handball var eg innom barneturn, men då eg var åtte år blei eg med ei venninne på handballtrening. Eg var den høgaste på laget og blei satt i mål som keeper. Eg hugsar at fyrste kampen vann vi stort utan at eg slapp inn nokon mål, og at eg tenkte «dette var gøy.»

DEBUT: – Her er eg keeper i min aller fyrste handballkamp. Eg held framleis kontakt og er vener med fleire av dei eg spelte saman med. (Foto: Privat)
 

Hante er fødd i 1999 og spelte for barndomsklubben Combinatie `64 fram til ho var 17 år. Dei fyrste åra var Hante både keeper og i andre posisjonar på bana. Då ho var 11 år blei ho med på regionale treningar, og frå då av ville ho berre vere målvakt. Støtte frå familien har heile tida vore viktig. 

– Ingen andre i familien har nokon gong spelt sjølve eller har noko særleg greie på handball, men det er heilt greitt. Det at foreldra mine støtta meg og såg på kampane, var det som betydde mest.

Ved sidan av å spele handball i Volda jobbar Hante også ein del for FFO og AFO, og då kjem det godt med at ho etter kvart har lært norsk.

– Eg er glad for å ha studert norsk i fjor. I klassa var vi frå 17 ulike land, og det var veldig kjekt og har gjeve meg mange vener også utanfor handballmiljøet, fortel Hante.

KEEPER: Her var eg 13 år og vi spelte i nederlandsk meisterskap. Eg trur vi endte på åttande plass – av åtte lag. (Foto: Privat)

Hante får også tid til å dyrke hobbyar som å bake, lage mat og lese bøker. Ho likar også å gå på tur, og er blitt veldig glad i naturen på Sunnmøre. Men er det noko ho saknar i Volda?

– Eg saknar sjølvsagt familie og vener, og frå Nederland var eg van med at det er nokså kort avstand til større byar og alle tilboda ein kan finne der. Og så saknar eg nederlandsk mat, fortel Hante og kan avsløre at far hennar er på besøk, og han har tatt med ei ladning fersk goudaost.

Hante trives godt i handballmiljøet i Volda, og er glad for støtten klubben får frå publikum. 

– Det er veldig kjekt når det er så mange på tribunene, då blir ein endå meir motivert til å gjere det bra, seier Hante som er optimistisk med tanke på resten av sesongen.

 – Eg trur vi vil klare å halde oss i eliteserien. Vi har vore noko uheldige og har tapt ein del jamne kampar i starten av sesongen, men eg trur vi kjem til å ta nok poeng framover til å berge plassen i eliteserien, avsuttar Hante med eit smil.

Neste sjanse til poengfangst for Hante og Volda er heime mot Molde 30. november.