Kan bli tøft mot Volda

På onsdag skal Volda og Molde for fyrste gong møtes til dyst på eliteserienivå. Vi har spurt trenar for Molde Elite, Tor Odvar Moen, om sesongen så langt og hans forventningar til kampen.

– Sesongstarten har, som for dei fleste i denne ligaen, vore litt varierande. Vi har gått på to tap som vi meiner kunne vore unngått. I de andre kampane har vi vist at vi utviklar oss, og spesielt fornøgd er vi at vi har slått eitt av laga som har vore framom oss dei siste sesongane, nemleg Storhamar. Sjøl om vi er inne i slutten av november, så har vi så vidt starta sesongen. Det blir spennande å sjå korleis den utviklar seg videre, fortel Moen

Kva veit du om Volda?

– Volda har gjort eit godt inntrykk i sesongstarten. Eg trur nok mange tenkte at laget ville få store problem i sin debutsesong. Seier mot både Fredrikstad og Tertnes viser at det bur mykje i gjengen frå Volda. Fyrst og fremst har dei vore lojale til sitt forsvarsspel, som mange vil hevde er ei stor årsak til at opprykket kom. Det er kun Volda som sver til ein offensiv grunnformasjon bakover i ligaen. Det har ein tendens til å skape problem for laga som ikkje møter dette så ofte. Framover spelar dei systematisk og relativt disiplinert. Når man legg til entusiasme og vilje på toppen av dette, ja då blir Volda eit tøft lag å møte, avsluttar Moen.