Molde vart for sterke

Lyspunktet var elitecomeback for Marte Nornes, elles lugga det mot ein sterk serietoar etter landslagspausa.

Resultatet 22-38 (11-20) er eigentleg berre å gløyme, for det vart ein del nedturar både foran og bak på bana då Molde gjesta storstova vår onsdag

Det positive: Endeleg eliteseriespel att! Vi har fått ei gjennomkøyring. Massevis av tilskodarar og støtte frå tribuna! Marte Nornes tilbake på toppnivå etter skaden, og blei kåra til banens beste. Samarbeid i regionen, der skulemusikken og drillen baud på pauseshow og vart belønna med støttekroner frå vår gavmilde generalsponsor Sparebanken Møre og fortent jubel.

Molde hadde rett og slett nokre fleire gir, høgare tempo og presisjon, og viste at dei høyrer heime i toppen av Rema 1000-ligaen. Volda-damene kjem garantert sterkt attende! No venter Larvik i Bergslihallen til TV2-sendt kamp, før vi tek i mot Romerike Ravens til årets siste heimekamp 18. desember kl 18.00. Dei er blant våre argaste tabellkonkurrentar, og to poeng blir særs viktig!

Vi håper på all mogleg støtte, og skal by på kamp både på parketten og tribuna!