Kanonavslutning for J9

Volda jenter 9 år tok turen til Spjelkavik for å spele siste kampane for året i debutsesongen sin. Det vart ei oppvisning i handballglede og godt lagspel!


Det gror godt i Voldahandballen! Jentene fødde i 2013 er ei stor spelarguppe og stiller to lag i serien. Siste kampane for året spelte dei i Spjelkavik laurdag.

“Vi er blåe, vi er rå, vi er ikkje lett å slå – ååååå VOLDA! O!” Før kamp, i pausen og etter dommaren har blåst for full tid, to gonger 15 minutt. Det er lett å høyre at Volda er i hallen. Og dei jublar for kvarandre, gode skot, redningar og pasningar.


Blåtrøyene har tatt store steg denne sesongen, og varta opp med festhandball i Spjelkavikhallen. (Det vert ikkje talt mål for 9-åringane, men dei har nok god kontroll sjølve, og erklærte seier med breie glis.)

– Dette var kjempegøy!!