Varslar tøffare Volda-forsvar
Volda er revansjesugne etter tapet for Molde, og reiser til Larvik med planar om å bite langt hardare frå seg, forsikrar trenarteamet.
– Veka før avreise har vi terpa forsvarstrening og gjort små justeringar, fortel hovudtrenar Halldor S. Haraldsson. – Vi håper at vi kan stå mykje bedre i forsvar mot Larvik enn det vi gjorde mot Molde!
Han og voldadamene møter tøff motstand i Bergslihallen søndag. – Larvik er et lag som har mykje kvalitet, med Amanda Kurtovic og Heidi Løke i spissen. Det blir viktig for oss å stoppe begge to, seier islendingen. Han presiserer at det sjølvsagt ikkje er nok å ta ut dei to tidlegare landslagskjempene. – Det er fleire backar vi må klare å stoppe for å ta poeng på bortebane i morgon, seier voldatrenaren.
Nøkkelen er altså i stor grad å finne attende til defensivt spel av god, gammaldags Volda-standard!
– Klarer vi å få til forsvarsspelet vårt har vi alle moglegheiter!
Avkast i Bergslihallen er søndag 11. desember kl 13.30. Vi håper alle voldasupportarar i området tek turen og heier fram blåtrøyene!