GOD JUL

Eg er ikkje god på å fatte meg i kortheit…
Eg KAN seie «GOD JUL til alle spelarar, føresette, andre frivillige, støttespelarar, store og små sponsorar og samarbeidsparter».
Men det ligg ikkje heilt for meg…… 😉

* GOD JUL til spelarane våra som reiser land og strand rundt og representerer klubben og bygda på ein framifrå måte. Store og små. De er alle ambassadørar som vi er stolte av!

* GOD JUL til føresette som stiller på kort og lang varsel, til eine og andre, enkle og kompliserte oppgåva. De er i aller høgste grad med på å skape trygge gode rammer for born og ungdom!
Når de stiller på dugnad siste søndagen før jul, så forstår vi at det er ganske mange andre ting de gjerne skulle brukt dei timane på. Men de stiller i nisselue, i «julehumør», med eit stort smil, og god jul til alle på heimveg etter kamp. Dette er EKSTRAinnsats, dette er prikken over i-en, eg vert så audmjuk, stolt og rørt! Tusen takk!

* GOD JUL til alle andre frivillige, som stiller i time etter time. Fordi de brenn for idretten, og brenn for å tilrettelegge for stor god aktivitet. Fleire av dei som står i kioskteamet og vaktstyrken på Elitekamp har ikkje born i klubben lenger. Kombinasjonen av «nye og gamle» er ei stor styrke for klubben! Og det er godt å vite at ein kan vere i eit sosialt frivilligapparat sjølv når ungane er ute av redet.

* GOD JUL til Eldar, hallvertane og VCA-styret som arbeider kontinuerleg for å tilrettelegge for god flyt, trygge rammer og ei generelt god stemning i Campus. Eg vil også ynskje god jul til Rune som la eit solid grunnlag. Vi klarer oss, men du er sjølvsagt sakna.

* GOD JUL til samarbeidsparter, både innanfor og utanfor kommunegrensene. NHF, regionskontoret (Andreas), naboklubber, kommunale aktørar, læringssenteret, Volda skulekorps, og andre frivillige lag og organisasjoner kring oss.
Seinast i dag hadde handball og fotball dialog om korleis vi best kan tilretteleggje for akademi i begge leirar. Slikt vert det godvèr av 😉

* Eg syns også det er viktig å sende ein stor takk til handballstyret, med Norodd i spissen. At mine overordna legg ned så mykje innsats, er så involverte, så rause, kloke og entusiastiske, gir meg stor motivasjon og inspirasjon i arbeidet. Her er sjølvsagt også Hilde Karin medberegna.

* Oppmenn og trenarar: Her har eg nesten ikkje ord! De er «grasrota» vår. Pålogga, engasjerte, med ein innsats langt utanfor det klubben forventer. Ordner og styrer for å få alle med, tilrettelegging, tilpassing….. Eg bøyer meg i støvet, og ser fram til eit nytt år med denne strålande gjengen!!! Eg skal gjere alt eg kan for å lette dykkar frivilligkvardag, slik de lettar min arbeidskvardag…kvar dag…

* Sist, men ikkje minst, dei viktige sponsorane våra. Store og små, synlege og mindre synlege. Nokre i front, andre meir i kulissane, kva hadde vi vore utan dykk?…..
Vi er så heldige som bur i ei bygd der så mange bedrifter ser stor verdi i å støtte lokale lag og organisasjonar.
På førre Elitekamp kom Sparebanken Møre med fleire overraskingar som tok pusten ifrå oss, også hadde Eiendomsmegler Vest (ved Johnny og Anita Kragset) ordna fantastisk sang av Louise Engeset (som også tok pusten ifrå oss).
Vi kaller oss idrettsbygda Volda, men gløymer kanskje av og til at det hadde vore umogleg utan denne støtta frå næringslivet.
Det er tøffe tider, med blant anna pandemi og krig. Vi veit at mange bedrifter kjenner dette hardt, så opplever vi likevel eit sterkt engasjement, at vi står på prioriteringslista. DET er sterkt å vere vitne til. Det gir gåsehud.

Vi håper verkeleg at bygda gir tilbake, at julegåvene handlast mest mogleg lokalt. Vi treng kvarandre!

PS: Mangler du gåve? Sjekk ut den supre treningsbuksa til Volda handball, med reflekslogo frå Sparebanken Møre. Du finn den på Intersport, i den flotte julepynta Voldaportalen.
****************************************************************************

Med ynskje om ei GOD JUL til alle som les dette, om ein hører til i ein kategori over her eller ikkje.
Også ser vi fram til eit nytt engasjert, aktivt handballår, både på og utanfor bana!
****************************************************************************

Entusiastisk varm julehelsing
Solveig Storeide
Dagleg Leiar