Landskamp i Volda!

På sjølvaste påskeaftan er det klart for storkamp i Volda. Då kjem Nora Mørk og resten av det norske landslaget for å spele kamp mot Montenegro.

Etter at både Volda og Ørsta har fått nye handballarenaer dei siste åra har det vore jobba godt for å få lagt landskampar hit. I påska blir dette ein realitet der europameister Norge skal møte bronsevinnar Montenegro. Dagleg leiar i Volda handball, Solveig Storeide, er svært godt fornøgd med at Volda skal få eit slikt celebert besøk.

– Dette blir STAS!! Å få landslaget hit har lenge berre vore noko vi kunne drøyme om, men med Volda campus Sparebank1 arena kan draumar realiserast, noko vi ser fram til å få gjere meir av i åra framover. Å kunne arrangere ein slik folkefest for voldingar og forhåpentligvis mange tilreisande nære og fjerne naboar blir veldig kjekt, fortel Storeide entusiastisk. 

– Vi veit at Ørsta handball har jobba sidan dei bygde hall med å få til noko slikt, og vi gratulerer dei og ynskjer lykke til med deira sin del av opplegget. Her i Volda skal vi sjølvsagt levere eit så solid arrangement at handballforbundet vil velje å legge landskampar hit ved også seinare anledninger, avsluttar ein oppglødd Storeide. 

Landslaget skal under opphaldet bu og ha treningsleir i Ørsta frå 3. april og møter Montenegro til kamp i Ørstahallen den 6. april og i Volda campus Sparebank1 arena den 8. april.

Billettar blir lagt ut for sal seinare.