Møt Emilia!

I fjor var ho banens beste då Ålgård besøkte Volda og var nær ved å knuse opprykksdraumen til heimelaget. I år har Emilia Giske (21) blitt med Volda opp i eliteserien.

Då førre sesong var over stod Emilia overfor valets kval. Skulle ho reise til hovudstaden for å studere fysioterapi, eller flytte til landsbygda på Sunnmøre for å følgje ambisjonane om handballspel på øvste nivå.

Uansett var Emilia klar for å flytte heimanfrå for fyrste gong. Etter to år med pendling frå Bryne og inn til universitetet i Stavanger var det ingen fleire studium der som freista. Sesongen ende også med nedrykk til andre divisjon for Ålgård, og det var heller ikkje aktuelt å bli med laget ned ein divisjon.

– Etter fjorårets sesong hadde eg lyst å prøve noko nytt. Eg hadde tenkt å flytte på meg for å studere vidare, aller helst fysioterapi i Oslo. Men så tok Volda kontakt, så eg tenkte at det var eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til. 

Var det eit enkelt val å kome til Volda?

– Både det sportslege og heile opplegget kring klubben verka veldig bra, med ein god treningskvardag og sjølvsagt spel i eliteserien verka forlokkande. No er det handball eg vil prioritere, så eg bestemte meg for at fysioterapi kan eg ta igjen seinare.

Namnet ditt avslører også ei viss tilknytning til Sunnmøre?

– Ja, eg har mykje familie i området, så det var attraktivt av den grunn også, fortel Emilia. –  Far min sin familie kjem frå Valderøy, og eg har både farmor, farfar og oldemor der. Som halvt sunnmøring har eg vore mange somrar der, og er godt kjent i distriktet.

– Her er eg saman med lillesyster Viktoria ein gong vi har stoppa for ein pause på ein av våre mange turar til Sunnmøre. (Foto: Privat)

I frå tidleg alder var Emilia mange timar både i handballhallar og på fotballstadion. Mor spelte handball, og far spelte fotball. Begge to på topp nasjonalt nivå i sine respektive idrettar. Far spelte for klubbar som Hødd, Bryne og Lillestrøm, mens mor spelte for Bryne den gongen dei var i handballens øvste divisjon. 

– Dei møtte kvarandre då dei spelte i Bryne, og då eg vaks opp var det naturleg at eg prøvde meg på både fotball og handball, fortel Emilia. 

I tillegg var Emilia innom både dans, turn og friidrett, men det var lagidretten som fenga mest, mykje takka vere foreldra hennar. 

– Eg starta med handball då eg gjekk i fyrste klasse. Mamma var alltid der og stilte opp som trenar, og pappa var trenaren min i fotball. Heile tida mens eg var i Bryne så har eg hatt foreldra mine som trenarar, noko som eg er svært takknemleg for. 

– Pappa spelte ein stund for Hødd, og her er vi to etter ein kamp på Høddvoll. (Foto: Privat)

Det gode miljøet i klubben var også ei viktig drivkraft for Emilia. 

– På Bryne har eg alltid hatt mange vener i klubben som var ein fin plass å møte venninner og ha det gøy med idrett. Rundt laget var det mange foreldre og frivillige som skapte eit godt miljø, og slik var det også seinare i Ålgård.

Emilia har prøvd dei fleste posisjonane på bana, og i starten likte ho seg best på høgrekanten. Kanskje noko merkeleg for ein som er høgrehendt?

– Då eg var liten syntest eg av ein eller annan grunn at det var lettast å vere høgreving, for der var det ingen som kunne ta armen min. Sidan var eg også innom strek, men det var litt kjedelig for der var eg ikkje så mykje involvert i spelet. Då det begynte å bli litt meir seriøst og vi starta å få faste posisjonar, så blei eg back der du fekk vere med på alt. 

Etter kvart var det berre handball for Emilia, og fotballskoa blei lagt på hylla for godt.

– Eg trur eg slutta med fotball i 7. klasse, og då eg starta på ungdomsskulen var det berre handball. Det var alltid det eg synest var kjekkast. Eg trur ikkje eg var så god i fotball, legg Emilia til med eit smil.

Emilia var i Bryne til ho var 15 år. Om lag samtidig måtte Bryne trekke seniorlaget sitt i 2. divisjon då fleire av spelarane la opp. Då tok Ålgård som hadde kvalifisert seg til Bringserien kontakt med Emilia, og i denne klubben fekk ho etter kvart ei sentral rolle heilt fram til overgangen til Volda. 

Her var eg på Sola handballskule med fleire av dei som i dag spelar for Sola som instruktørar.(Foto: privat)

Korleis har det vore å kome til ein ny klubb langt heimanfrå? 

– Det har gått over all forventning. Eg trives veldig godt med både folka og plassen. Det er fyrste gongen eg bur heimanfrå, så i starten var det litt tilvenningsak, men no går det veldig greit. Eg har vener og vere saman med, og har eg frihelg reiser eg gjerne til familie på Valderøy eller i Ulsteinvik. Farmor og farfar har sesongkort og kjem på kvar kamp, så det er veldig kjekt, fortel Emilia som er imponert over den store handballinteressa i Volda.

Kva fyller du tida med når du ikkje spelar handball?

– Her i Volda har eg vore lærarvikar på ulike skular, mest på Volda ungdomsskulen men også Øyra og litt innom Folkestad skule. Då har eg vore litt «potet» og undervist i mykje forskjellig der det trengs. No har eg fått noko meir fast og meir opplegg på VUS, fortel Emilia og legg til at det er kjekt å undervise.

Det er gjerne meir konkurranse om å få speletid i Volda enn i Ålgård, kva synest du om det?

– Eg synest konkurranse er sunt og at det bidrar til at vi løfter kvarandre, der du er eit team saman med dei andre som er på din posisjon. For eksempel kan du ha betre overblikk i frå benken slik at du kan gje tips under kampar, meiner Emilia og legg til at det har vore ein veldig kjekk start på sesongen.

– Vi har vist at vi kan hevde oss, og at det har gått betre enn sikkert mange hadde forventa. Det har rett vore eit par kjipe eittmålstap der vi kunne ha plukka poeng.

Kva trur du om resten av sesongen?

– Framover handlar det om å vere godt førebudd og ha trua, og då blir det kjekke kampar og vi kan forhåpentlegvis ta dei poenga vi treng, avsluttar Emilia optimistisk.