Før Byåsen
Etter ein lang juleferie ventar det eit tett kampprogram for Volda. Denne veka er det fyrst bortekamp mot Byåsen på onsdag, før turen går til Fredrikstad og ny kamp på søndag.
Byåsen fekk stoppa ei nokså lang tapsrekke med seier over Aker rett før jul, og trøndarane står med sju poeng etter ti kampar. Korleis blir det å spele kamp igjen, Halli?
– Endeleg så skal vi i gang etter ein lang pause, og vi ser veldig fram til å reise til Trondheim og å møte Byåsen. Vi har brukt pausen så godt som muleg til å førebu oss. Vi håper at vi kan fortsette med dei gode periodene som vi viste mot Ravens, og bygge vidare på det utover sesongen. Vi har ikkje fått nokon nye skader, og det ser ut som vi kan reise til Trondheim med full stall, fortel Halli.
– No ligg det framfor oss nokon hektiske arbeidsveker, men det berre gler vi oss til. Eg veit at jentene har lyst til å gi alt i kampane framover, så dette blir berre spennande, avsluttar Halli.
Kampstart er onsdag 11. januar kl. 19.00 i Kolstad arena.