Ny kamp mot Fredrikstad

Dei fleste hugsar nok fyrste kampen i eliteserien då Volda vann med to mål heime mot Fredrikstad. Denne helga reiser Volda til Fredrikstad for returoppgjer, og dermed også starten andre halvdel av sesongen.

– Vi kjem frå skuffande tap mot Byåsen på onsdag der kvaliteten på spelet vårt varierte veldig i løpet av kampen, seier Halli. – Sjølv om det blei tap så kan vi alltid ta med oss noko positivt. Vi skapar ein haug med sjansar i 1. omgong, men dessverre så bommar vi på åtte 6-meter sjansar, og får heller ikkje samarbeidet mellom målvakt og forsvar til å sitte. 16 mål baklengs er for mykje. Vi har nokon fantastiske enkeltprestasjonar, men skal vi klare å slå lag som Byåsen så må vi spele ganske bra i alle 60 minutt. Dessverre kjem vi ut av pausa og leverer ikkje bra nok dei fyrste minutta, og etter det blir det oppoverbakke for oss, fortel Halli.

– Fredrikstad har variert utruleg mykje i sesongen, med tap mot oss og Tertnes, men med sterke seierar mot Larvik og Sola. Det er eit lag som kan spele veldig bra på ein god dag, men kan tape mot alle på ein dag der ikkje alt fungerer.

– Vi må rette blikket med mot neste kamp, og ta med oss det positive og jobbe godt med det som vi kan forbetre. Så får vi prøve oss igjen på søndag, og slåss om poenga, avsluttar Halli.

Kampstart er søndag 15. januar kl. 16.00 i Kongstenhallen.