Halldór sluttar som trenar i Volda til sommaren

Volda handballklubb sin hovudtrenar Halldór Stefán Haraldsson har gjeve klubben melding om at han sluttar som trenar når sesongen er over.

Pressemelding:

– Eg har gitt styret i Volda Handballklubb beskjed om at eg kjem til med å slutte som trenar i klubben når kontrakta går ut ved sesongslutt, fortel Haraldsson.

– Det er ikkje noko dramatikk i dette. Ein tur til Sunnmøre som eigentleg berre skulle vare i to år har blitt til sju år, og vi i familien føler at det no er rette tidspunktet for å prøve noko anna. Om det blir å reise tilbake til Island eller fortsette turen i utlandet får tida vise.

– Vi har hatt sju fantastiske år i Volda, og det blir ikkje lett for oss å forlate bygda. Her har vi mange gode vener, og ikkje minst eit barn som har vokse opp her og fått tilknyting til staden.

– Grunnen til at eg ønsker å kome med den informasjonen allereie no, er at eg veit kor vanskeleg det er å drive ein handballklubb. Over mange år så har eg jobba og blitt ven med styremedlemer som har delt dei same ambisjonane og draumane som meg. Ut av respekt, så syns eg at det er viktig at dei får så god tid som muleg til å kunne førebu fortsetjinga av denne fantastiske reisa som vi har vore vitne til i Volda dei siste åra.

– Eg føler ikkje at tida er inne for å takke for meg heilt enno. Vi har framleis ein jobb å gjere resten av sesongen, og det skal bli mitt siste verk å sikre klubben plass i Rema 1000 ligaen til neste sesong. Derfor blir ikkje dette lengre frå meg i denne omgang, eg får takke for meg når vi har sikra plassen, avsluttar Halldór Stefán Haraldsson.

Styreleiar i Volda handballklubb, Norodd Dyrhovden, kommenterer dette slik:

– Volda Handballklubb vil takke Halldór for ei fantastiske reisa gjennom 7 år. Vi har tatt steg for steg der vi til slutt gjorde det umoglege mogleg då vi i bygdebyen Volda tok steget frå 2. divisjon og heilt opp i Rema 1000 ligaen. No er vi på oppløpssida der vi i fellesskap skal sette eit verdig punktum for denne historiske perioden, ved å sikre plassen i Rema 1000 ligaen.

– Vi ynskjer Halldór og familien alt godt vidare, når den tid kjem, og er trygg på at han vil markere seg i handballen på ein internasjonal arena i åra som kjem.

– Dette har vore kjent for oss ei periode, så prosessen med å få på plass ein ny trenar er allereie i gang, avsluttar Dyrhovden.