(Foto: Marius Beck Dahle)

Revansj mot Fana?

På onsdag er det klart for ny heimekamp, denne gongen mot Fana. Vi har spurt Halli om Volda sine sjansar for å revansj for eittmålstapet i Bergen i haust.

– Vi kjem inn i denne kampen etter ein bra prestasjon mot borte mot Fredrikstad. Dessverre tapte vi den kampen (24 -25), men det var mykje positivt å ta med oss, og hadde vi klart å ta litt betre vare på ballen i 2. omgang så kunne vi fort ha tatt to poeng der, fortel Halli.

– Fana kjem rett frå fantastiske resultat i Europa-cupen i helga, og det klart at vi møter eit lag som på sitt beste har eit veldig høgt nivå. Som vanlig så må vi spele ganske bra til å vinne, men vi har trua på at vi kan få det til på onsdag.

– Alt startar med solid forsvarsspel, slik at vi også får nokre enkle kontringsmål som kan ta av noko av presset på angrepsspelet. Klarer vi eit hakk opp frå siste kamp, så har vi gode mulegheiter, avsluttar Halli optimistisk.