Foto: Jon Forberg

Bortekamp mot Vipers

Volda skal møte verdas beste klubblag på laurdag, kva kan vi forvente oss mot Vipers, Halli?

– Etter ein skuffande kamp mot Fana så må vi reise oss og levere ein betre prestasjon på laurdag. Vi var ikke fornøyd med angrepspelet mot Fana, og det må vi prøve å fikse allereie mot Vipers, fortel Halli. 

– Vi veit jo at vi spelar mot eit lag som er på veldig høgt nivå, men derfor føler eg også at vi har gode muligheter til å jobbe med det vi ønsker å forbetre.

– Det handlar mykje om å få til ein helheitlig prestasjon. Vi føler at vi ikkje har klart å prestere på topp på alle plassar av bana samtidig, så det må vi jobbe mot. Jentene er gira og motivert, og vi skal nyte det å spele mot eit så bra lag. Men vi er også med for å gje Vipers motstand, og har lyst til å vise oss fram, avsluttar Halli.

Kampen kan du følgje laurdag 28.1. frå kl. 18.00 på TV2 play.