Viktig kamp mot Aker

Aker slo Volda med eitt mål då laga møtte kvarandre i Oslo tidleg i haust. Søndag er det klart for returoppgjer mot Aker som no ligg to plassar over Volda på tabellen. Er Aker eit lag som Volda kan hamle opp med, Halli?

– Det blir en viktig kamp for oss, og vi har lyst til å revansjere eittmåls-tapet i Oslo tidligere i sesongen, fortel Halli.

– Aker kjem frå ein sterk seier mot Ravens i siste runde. Det er eit lag vi kjenner godt, og vi veit at dei har mange gode spelarar. Forsvaret er sterkt, samtidig som dei spelar med mykje tempo framover. Som vanlig så blir det ein nøkkel for oss å både stå godt i forsvar, og ha raske returløp. Samtidig som vi må ha ein god kamp bakover, er det viktig at vi klarer å ta vare på ballen og avslutte på gode sjansar i angrep.

– Vi meiner at sjølvom vi tapte stort i siste runde mot Vipers, så hadde vi gode fine prestasjonar i begge endar av bana som vi kan ta med oss videre. Arbeidet fortsetter og vi skal gjøre alt som vi kan til å ta to poeng heime på søndag, avsluttar ein offensiv Halli.

Søndag vil kampsponsor Rotevatn Trafikkskule trekke ut 10 heldige vinnarar av billett til landskampen Norge – Montenegro som skal spelast i Volda den 8. april. Det kan derfor løne seg å kome tidleg på kamp.

Kampstart er søndag 5. februar kl. 18.30, dørene opnar ein time før.